Vi er nesten ferdig
Denne veka: Sentrum
Sjå status

No kan du starte sorteringa!

Du kan no starte opp bruken av den nye matavfallsdunken. Første hentedato finn du i Min Renovasjon-appen. Med utrulling av matavfallssortering, kjem nye sorteringsvanar. Her gir vi deg eit lynkurs i gode vanar som gjer kildesorteringa enklest mogleg.

Klar, ferdig, sorter! Dette må du vite..

Når er første hentedato?

Usikker på når du skal sette fram dunken første gong?
Finn datoen for første henting no! Det er berre å sjekke MinRenovasjon-appen, eller klikk på lenka under og søk opp di adresse.

Mindre restavfall = Lågare gebyr

Det er storleiken på restavfallsdunken som avgjer renovasjonsgebyret du betalar. Gjer du ein god jobb med sorteringa skal standard dunkstorleik vere tilstrekkeleg for dei aller fleste.

Blir det for mykje med 4 dunkar?

Vi har forståing for at ein ekstra dunk kan by på plassutfordringar. Difor oppmodar vi til å ta ein prat med naboen om å samarbeide om renovasjon. Det betyr deling av utstyr og lågare renovasjonsgebyr.

OBS! Endra henting av restavfallet

Aller først, det at du får utlevert matavfallsdunk gjer noko med hentefrekvensen på restavfallet ditt. Har du vekentleg henting av restavfall i dag, vil du få henting av restavfall og matavfall annankvar veke, på kvar si veke.
Oppsummert: Annankvar veke i staden for vekentleg

Slik sorterer du matavfallet

1

Sorter matavfall i grøn pose frå Årim

2

Knyt posen med dobbel knute

3

Legg posen i dunken med grønt lokk

4

Sett fram dunk på hentedagen

Nesten alt som kan spises skal i matavfallet

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. Dette kan vere skrell, skrottar, grut, eggeskal, bein, nøtteskal og rekeskal.

Ja takk

  • Fruktrestar
  • Skrell
  • Bein frå kjøt og fisk
  • Eggeskal og nøtteskal
  • Matolje
  • Tørkepapir med matrestar
  • Matrestar du ikkje kan spise
  • Kaffefilter og kaffegrut

Nei takk

  • Emballasje rundt maten
  • Andre typar avfall enn mat
  • Mat du kan spise (Ikkje kast brukbar mat)
  • Bleier
  • Avføring
  • Snus
  • Hageavfall, planter og blomster
Ikkje kast brukbar mat
Det fins mange gode tips og oppskrifter slik ein unngår matsvinn.

Sjekk ut Bruk-opp-leksikonet til Matvett.

Er du i tvil kan du alltids sjekke sortere.no

På sortere.no kan du søke på alt fra epler til vinduer, der får du oppdatert informasjon om kor du kan kaste det. Om det er på miljøstasjon eller i ein av dunkene.

Vi er ute å leverer, sjekk kor vi er

Følg med på den grøne knappen for å sjå kor langt vi har komt på utleveringsruta.
28. aug
18. sept
9. okt
30. okt
19. nov
Siste rest...
Utlevering av utstyr til
Resterende
Det du treng å vite

Vanlege spørsmål

Kan eg få ein mindre dunk?

Nei, men du kan dele dunker med naboen gjennom samarbeidsrenovasjon løsningene vi har.

Du kan lese meir om det her

Korleis kaste mindre?

Det fins mange gode tips og oppskrifter slik at matrestar vert spist opp og ein unngår matsvinn. I Bruk-opp-leksikonet til Matvett finn du oppskrifter til einkvar matrest. Å kaste mindre mat er ikkje berre bra for miljøet, det er også bra for lommeboka.

Kvifor må vi sortere matavfallet?

Det er politisk beslutta at vi skal sortere ut mat i eigen behaldar i Ålesundregionen. Gjennom EØS-avtalen er Norge pliktig til å iverksette EU-regelverk i norske lovar og forskrifter. EU har vedtatt obligatorisk innsamling av matavfall og plastavfall innan 2023.

Myndigheitene med Miljødirektoratet i spissen er heilt tydelege på at vi framover må bli enda betre til å sortere avfallet vårt, slik at det kan bli gjenvunnet og gå inn i ein sirkulær økonomi.

Det betyr at vi alle må bli flinkare til å sortere det vi brukar, og enda viktigere er det at vi tar betre vare på det vi allereie har og forbrukar mindre. Dette vil vi alle merke i åra som kjem, gjennom nye krav og reglar som har utspring i EU sin «green deal».

Eg har ikkje plass til dunken, kva kan eg gjøre?

Dersom du har lite avfall, kan du inngå ein samarbeidsavtale for renovasjon. Då vil du dele renovasjonsbehalderane med naboen din og samtidig få redusert renovasjonsavgifta.

Viss du representerer eit sameige eller borettslag, kan du ta kontakt med oss for å avtale ei befaring. Saman finn vi gode løysingar.

Kvifor er det hull i matavfallskorga?

På sikt ønskjer vi å gå over til bioposar. Den ventilerte korga lar fukt fordampe frå matavfallet i bioposen. Dette gjer posane meir solide, minskar lekkasjerisikoen og dempar lukta. For bioposar er det sterkt anbefalt å bruke ventilerte behaldarar til matavfallsposen.

Er matavfallsposene biologisk nedbrytbare?

Nei, dei grøne posane er ikkje biologisk nedbrytbare.  I alle anskaffingar må vi ha fleire briller på, og valet av den beste typen avfallspose avhenger av fleire faktorar. Både miljø- og kostnadshensyn må takast, saman med funksjonalitet.

Det fins fleire ulike typar posar, og alle har ulike fordelar:

  • Bioposar er laga av naturlege material som brytast ned raskt i miljøet. Dei er eigna for matavfall og komposterbar, som betyr at dei bidreg til jordforbedring.
  • Plastposar er rimeligare og vanntette. Dette forhindrar lekkasje og lukt.
  • Papirposar er biologisk nedbrytbare og kan komposterast. Studier har vist at papirposen har lågare klimaavtrykk enn bioposar, men kan bli våte og potensielt gå i oppløysing.

Vi gjer store innkjøp for å legge til rette for matsortering gamle Ålesund. Vi har eit ønskje om å halde kostnadar og gebyr låge for kundane våre. Difor har vi hittil velt å prioritere plastposar.  Ein eventuell overgang til nye posar - bio eller papir - vil kreve ei endring i sorteringa vi gjer heime. Til dømes kan ikkje flytande matavfall gå i bio-eller papirposar. Matposane vi har bestilt og som no blir delt ut i Ålesund er produsert av 100% post consumer gjenvunnet plast.

Når matavfallsposane blir opna og tøymde, blir dei sortert ut som plastemballasje. Dette vert gjort for å muliggjere materialgjenvinning av posane. Det som ikkje er mogleg å materialgjenvinne går til energiutnytting.

Korleis skaffar eg meg nye grøne posar?

Knyt en grønn avfallspose på dunken din, og renovatørane vil leggje ut ein ny rull neste gong dei er der.

For borettslag eller sameie - kontakt vaktmester/styret.

Det er også mogleg å få tak i grøne posar for matavfall på våre gjenvinningsstasjonar og på servicetorget på rådhuset. Du kan også hente posar hos ÅRIM på Moa.

Kvifor treng du dobbelknute?

Dette er for å førebygge at posen opnar seg under innsamlinga.

Kva gjer eg om eg har illeluktande matavfall, som rekeskal eller fiskeslo?

I slike situasjonar kan det vere lurt å nytte ein dobbel grøn pose og knyte godt att. Om det er særleg varmt ute, og du har plass i frysen, kan det vere smart å oppbevare matavfallet der til tømmedagen.

Kvifor skal ikkje plantar, blomar og hageavfall kastast i matavfallet?

Plantar og blomar kan innehalde sprøytemiddel og giftige stoff som ikkje er eigna til å produsera gjødsel for jordbruket. Hageavfall kan leverast til våre gjenvinningsstasjonar.

Kva er ikkje matavfall?
  • Emballasje rundt maten
  • Andre typar avfall enn mat
  • Mat du kan spise
  • Bleier
  • Avføring
  • Snus
  • Hageavfall, planter og blomster
Kva er matavfall?
  • Fruktrestar
  • Skrell
  • Bein frå kjøt og fisk eggeskal og nøtteskal matolje
  • Tørkepapir med matrestar
  • Matrestar du ikkje kan spise
  • Kaffefilter og kaffegrut
Kompostbare tallerkenar, bestikk og tannbørster?

Komposterbare produkter er rekna på heimekompostering, og skal ikkje kastast i matavfallet. Grunnen til dette er at denne typen produkt får ein gummiaktig konsistens når dei blir varma opp i gjenvinningsanlegget, noko som gjer at dei ikkje kan gjenvinnast til biogass og biogjøsel.

Forderva mat i i emballasje?

Ta av emballasjen før du sorterer maten i matavfallet.

Dersom maten er så forderva at du ikkje ønsker å ta av emballasjen, skal du sortere alt i restavfallet. Det er kun det organisk nedbrytbare som skal i matavfallet og som er mulig å gjenvinne vidare.

Mat og drikke gått ut på dato?

Hvis ei matvare har gått ut på dato med «best før»-stempel, betyr det ikkje nødvendigvis at den er dårlig. Bruk sansane og sjå, lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den. På den måten sparar du både miljøet og lommeboka.

Er matvaren merka «siste forbruksdag» så skal du ikkje spise den etter denne datoen.

Kva gjør du med matrestar?

Det fins mange gode tips og oppskrifter slik matrestar vert spist opp og ein unngår matsvinn. I Bruk-opp-leksikonet til Matvett finn du oppskrifter til einkvar matrest. Å kaste mindre mat er ikkje berre bra for miljøet, det er også bra for lommeboka.